Det er vinterferie. Eg har vore alt for lite på ski. Hadde min andre tur på heile sesongen igår. På eidet…Kan eigentleg ikkje gå med fri flyt-gensar og meine det lenger. Det er mange unnskyldningar…unnskuldingar…unnaskuldarar…unnis skuldre… for at eg ikkje har vore på ski meir…Veret har ikkje vore så bra. Om veret har vore bra, så har det vore skredfare. Eg har ikkje bil(slåande unnaskulder i vinterferien, då alle er på jobb.) Eg har ikkje sesongkort på eidet i år…tenkte eg skulle prioritere fjellet. Dessutan strid det meg litt imot å betale for å stå på ski. Men det ser jo jammen ut til å vere den einaste måten å kome seg på ski…Eg er altså litt bitter og deppa grunna dette…

Men. Mykje bra har jo skjedd sidan sist (September? Var det det var(ser du speilet i ordstillinga(var det<->det var)?)?)(elskar parentes!). Men eg gidd(gidd…dette gode ordet som vi alle…fullfør sjølv!(Det er dagens oppgåve: Gidd: ordet som vi alle…(Interaktiv teatersport) ikkje å utdjupe dette…dei fleste har sikkert gjort det same som eg. Og viss eg har gjort noko særskild har eg vel sagt det, kjenner eg meg rett.

På musikkfronten gjeng det i freakpower. som i lyttefronten iallefall. Freakpower har gjeve ut to plater og eg har høyrt på desse med jamne mellomrom sidan Bjørnar kjøpte den fyrste plata som ei av dei fyrste platene generelt han kjøpte, så det seier vel sitt. Arg, kor godt eg formulerer meg! Alle bør eige desse platene! Viss du i tillegg har interesse av å vite kva som er den ultimate Torkjell-musikken, bør du iallefall eige dei. Du spør deg sikkert ofte: Kva er det eigentleg Torkjell synest er perfekt(innan musikk sjølvsagt, legg du til med eit smil med innpust. Ja, du veit viss du smiler og pustar innover så nasebora utvidar seg og du får ei deilig dobbelhake og greier. Som om du seier: Den var god, men jammen feis du ikkje og!)? Freakpower. Dei eg har spelt med opp igjennom spør seg kanskje dette på ein litt irritert måte. KVA ER DET EIGENTLEG TORKJELL SYNEST ER PERFEKT?? HM?? Freakpower.

Eg synest forresten det er litt komisk at kvar gong eg kikar ut vindauget i mellom skrivinga, ser eg ei gravemaskin ned i elva mi! Ho bråkar. Ser ut som om det er ein polakk som styrer monsteret. Jammen har dei ikkje lært seg dette og! (litt hobbyframandfrykt på si er bra).

Eg gler meg til å flytte. Eg er lei av skule, og gira på vekk. Heilt normalt, seier du. Ja, eg veit, seier eg.

Skal forresten på sesjon! 23.feb trur eg. Får eg ikkje vite masse quite interesting facts om meg sjølv då? Kor god teknisk innsikt eg har på ein skala frå 1-9 eller noko.. Kool and the gang. Og kondis, ikkje minst. Det er difor eg no skal byrje å jogge. Jogge for å trene. Med iPod og tights. Nesten iallefall. Eg trur eg har ei slags midtlivskrise. Skal få ein heilt ny livsstil. Ete godt, trene, arbeide godt på skulen osb. Eg har ingenting eg kan slutte med då. Drikking, røyking, snusing, pedofili o.l. Eg har snust ein gong. Eg sa ikkje at eg slutta etter det då. Eg kan seie det no. Dei andre tinga har eg ikkje byrja med. Ser ikkje heilt poenget med å planlegge det heller så.

-Så no skal eg ut på tur. Torkjell ser ut vindauget. Myser. -Nei…veit ikkje eg altså. Kan sykle då…kanskje. Eg må ha meg nye øreproppar til mp3-spelaren min fyrst.

Det var ikkje meininga at avsnittet over skulle vere ei punchline eller noko…Dette derimot…

Det hadde no vore ein plan i tre dagar…eller noko slikt…at vi: Eg, Ingvild, Torgeir, Ida, Vida og marte, skulle på ein hyttetur. Det vart hytta til Ida. På Berkneset. Eg og Torgeir, tøffe som vi er, bestemte oss for å sykle dit. Det viste seg eit stykke på veg, at både eg og Torgeir hadde gløymt lykt. Men refleksvestar hadde vi! Begge to! Og hjelm, sjølvsagt! Det vart mykje prating longs vegen. Møtte eit par bilar, mange store gravemaskiner, og mykje tunnel! Då vi runda Steinneset byrja Torgeir å lure? “Er vi her ikkje snart?”. Det vart mørkare og mørkare, og vegen vart dårlegare og dårlegare. Vi hadde sett eit skilt der det stod noko om omkøyring grunna vedlikehald av veg, eller noko slikt. Men vi såg jo ikkje om vegen var der eller ikkje, så det var jo berre å “gunne” på. Vi såg eit par bål…utan folk i nærleiken. Det var no bekmørkt(eller klisjmørkt, som Vida seier), så vi berre følte oss fram. “No døyr vi snart!” utbasunerte Torgeir skøyande. Eg lo, men tenkte det same, dog i ein heilt alvorleg tanke. Det var på dette tidspunktet nemleg ikkje tvil om at dette var Satans innkøyrsle. Men så…Etter mang ein fryktinngytande sving, såg vi mange hus, med mykje lys. “Dette MÅ vere berkneset”, sa vi til kvarandre. Då var det, at eg såg meldinga frå Ingvild om at dei var litt seine, så vi kunne somle litt….Då oppsto den komiske situasjonen:

Sjå for deg: Torkjell Hovland og Torgeir Hovden Standal….Med kvar sin sykkel, kvar sin refleksvest, og kvar sin hjelm. Dei står i ein sving, på ein grusveg. Dei trur dei er på Berkneset. Det er jo vittig i seg sjølv å vere der, men desto vittigare er det å tru at du er på Berkneset. Altså…Dei står der, og må vente litt….Dei står på et påstått Berknes, og skal somle. VITTIG!

Nok var no det…som dei seier…

Mora til Ida, Alice, og Ida kom i ein liten peugot 206, og såg oss to som sto å dansa i vegkanten med refleksvest. Dei viste oss til hytta, og om litt kom Ingvild, Vida og Marte også. Vi fyrte i ovnen, laga ostesmørbrød, spelte kort, og lo mykje av den komiske kvelden. På toppen av det heile måtte vi fare med ein gong….Torgeir skulle jobbe, og hadde borgarplikter heime…

Tidenes tur

Overskrift, Sjoverskrift

27 september - 2007

I dei to siste dagane har eg hatt feber og styr…eg er litt for ofte sjuk. eg må trene, og ete sunt. men det er så keisamt.

Uansett har eg jo fått litt ut av desse dagane. Eg har skrive på bloggen. Høyrt på Staffan William-Olsson som ukas P2-artist kvar dag. Høyr det! Alt! Det ligg på nettradio. Og så har eg fått øvd ein del. Fekk ny bok i dag. Ray Brown’s Bass Method – Essential scales, exercises and rythm patterns. Kjekk. He trua på den. Fekk den anbefalt av Audun Ellingsen. Så då må nå dån våre brå(måtte berre…hallooo…så då må nå…kjempe). Eg vert så gira av å opne pakka eg får i posten! Idag fekk eg altså denne boka, og ein live-cd med jaco. Sånne brevpakkar er det beste som finst! Eg skal byrje å sende slike. Slik at eg får fleire.

No har eg oppdatert bloggen min relativt ofte…dette går sjølvsagt litt ut over kvaliteten…men husk: Kvantitet foran kvalitet…Iallefall på bloggområdet…i fylgje nokon.

Her ein dag fekk eg ei melding frå min bror Øystein som eg vil dele her

In support of our incredibly brave friends in Burma: May all people around the world wear a red shirt on Friday, September 28. Please forward!

Og her forwardar eg den.

Joni Mitchell

26 september - 2007

Ho føyer seg inn i rekka av artistar alle har høyrt om, men som få høyrer på. Ho føyer seg også inn i rekka av musikk som grip meg, men som eg aldri hadde funne på å laga/spelt sjølv. Eg har no lasta ned ein god gjeng album av ho. Etter å ha høyrt litt på det opplever eg ho som veldig ekte og ærleg. Ho er ein av få som heilt ærleg kan seie at ho går sin eigen veg. Musikken gjev meg ei heilt unik oppleving. Eg klarer ikkje å knekke koda. Musikken er jo enkel. På notar ser han ikkje spesiell ut i det heile tatt. Så det må nok vere det. At ho er ærleg, og heilt ekte.

Good music!