Hedemarksvidda!

1 november - 2009

Eg og Torgeir har lenge gått å kjent på ein abstinens etter å kome oss ut på tur, og avtalte for nokre veker sidan at neste frihelg, så skal vi på telttur! På onsdag forrige veke kom vi på avtalen, og begynte å planlegge. Vi må finne ut kor me skal, kva vi treng, og så få sendt det nedover på nattbussen. Vi vurderte både Jotunheimen, Femunden og Gausdal, men fann ut at vi likså godt kunne finne eitkvart her i Hamarområdet. Mats, jazztrommis frå Hamar, meinte Gåsbu var eit fint utgangspunkt for turen. “Der e det så fint å se utover heile hedemarken!”

Vi henta ein fullpakka sekk heimafrå på nattbussen(klokka fem natt til fredag!!) og handla inn MYKJE god mat! Vi bestemte oss for å forvente oss mykje trist skoddelagt skau, for so å heller bli positivt overraska. Mats køyrde oss oppover mot vangsåsen, og når vi kom opp der, så ba Torgeir meg sjå ut vinduet. Stjerneklart, nesten fullmåne, skaresnø, og meir og meir vidde/lavskog-område!! Vi vart slept av et godt stykke forbi Gåsbu, og gjekk innover, MAX gira! Vi bar tungt med mat, kle og ved, så vi begynte å leite etter høveleg leirplass ganske tidleg. Fann oss ei fin slette, myr, og satte opp teltet på eit skogholt midt ut på der. Rett på å få på bålet, og kaffi!

Dagen etterpå stakk eg hovudet ut av teltet og ropte til Torgeir: “Ditte E Bastogne”. Eg snakka då om episode 6 i serien Band of Brothers som foregår i Bastogne. AKKURAT slik såg det ut med oss og(litt mindre tyskera, då. Men eg må seie eg vart nervøs når Torgeir sette i gong primusen…):

Bastogne

Bileta fortel resten. Det vart ein skikkelig fin finne-roa-tur med eit ver og eit landskap vi aldri hadde drøymt om! Minimalt med frysing sjølv om vi låg på snø, på 700 moh i rundt -7 grader!

Bileta ber preg av at eg har eit lite Nikon kompaktkamera til ein nypris på 1000kr, men med maks undereksponering vart heller ikkje kveldsbileta så verst:) Ein ser på skuggane kor lyst det var der, brukte berre lykta inne i teltet!

Berre å klikke på bileta for å få dei store(, mamma)

Ei tilbakemelding til “Hedemarksvidda!”

  1. Tobias sa

    Så ut som det var gøy. Skulle ønske jeg var med.Når jeg ser snø holder jeg på å skrike til pappa om at jeg vil gå på skitur. Spar litt snø til oss.

Legg att eit svar