YEAAH!
26 oktober - 2009
Fordi eg hadde kjøkkenteneste kom eg meg opp til frukost idag på trass av at eg ikkje har time før klokka ni idag! Difor kunne eg slenge inn litt nytt på bloggen her, YEAAH!
Eg skal vere med å syngje juleoratoriet! YEAAH! Vi hadde første øving no på fredag, og eg kjente det kribla i meg då eg song dei fyrste koralane vi øvde inn. Viktig å ha vore med å sunge slike viktige verk!
Elles har eg fått ny strengar til kontrabassen i tillegg til å fiksa gripebrettet! YEEAH!! DET KICKA ASS!! Samme type strenga som Mats Eilertsen, då døh….sjuukt tøft! men steik kor det svinga ta dei altså! no gjekk ej over til dialekt for ej blei so engasjert…YEAAH!!
Igår var vi i operaen, type bjørvika. Det va topp å vere i operaen og sånn, men….Don Pasquale må eg nok innrømme var temmelig kjedelig altså…for å bruke eit godt anmeldaruttrykk.
Eg spotifyar så det syng etter, og no er det ny liste her…rima det?
Eg får så mange forskjellige impulsar her på denne skulen, og det er…DIGG. hehe.. Til dømes vart eg tipsa om Arvo Pärt sin Fratres av ein bratsjist som hadde spelt den og styr. EKJE DET ET SJUKT FINT STYKKE VEL??
Vidare på lista finn du ein del av musikken eg spelar og jobbar med. Type How’s Never i gitartrio med Torgeir og Raymond, og type Decimas som plukkelekse frå Audun.
Med Decimas presenterar eg også ein av toppbassistane for meg, Anders Jormin(Decimas, Olivia), i tillegg til Mats Eilertsen(9-16, In motion, Blue, Song, To the little radio), Ole Morten Vågan(Ni, Her piece), og ikkje minst lærar Audun Ellingsen(Arpeggio, Numbers, Kald Kaffe)!
På slutten, nok en solokonsert med Jarrett…YEEAH! Frå rundt 9:20 til rundt 14:00 til dømes?! FYY søren! Spesielt det som skjer frå rundt 13:00 til rundt 13:40 og vidare derfrå…AIAIAI MARIA kor goodies!
YEEAH!

Tenkjer meg ofte tilbake til turen med MS Styr! So perfekt stemning i den båten der, ass!
So kjekt at du bloggar!! Og veldig kjekt at du skal synge juleoratoriet då! Det er retteleg stas! Det skal settast opp i Volda i år også (siste helga i advent, kanskje du får det med deg!? hehe), og same strengar som Mats Eilertsen, det e jo sjukt! Hehe. Og Fratres har eg også på ei speleliste, heilt utrulig fint stykke!! morsomt at eg også vart så gira her. hehe. Og stas med operaen! Per Oleiv nemnte det faktisk i går. Lika at du he det kjekt altså!
Er du forelska eller? Haha, neida. DET var å gå over streken. Kjekt at du bloggar ja, Torka! Det var jo rett guddis det. Kven er Mats Eilertsen? Det veit eg ikkje. Var det flautt? Kanskje. Elles så saknar eg både deg og Sofie og Per Oleiv!
Finnt overheadbilete forresten! Dei har slikt eit godt utsyn borta Hovda!
Ej e litt dårlig på å svare på kommentara merka ej…
men
Sofie, STAS AT DU BLEI SO GIRA!
Martine, ALLE e forelska i mej!
Og takk for skryt, det e gøy å blogge. bildet va forresten ikkje borta hovda, men tatt frå en båt på voldafjorden! hehe. Jee! men det e nå same utsikta, for so vidt…
visst du hadde lest innlegget litt bedre, so hadde du vist ken mats eilertsen va…høh.
Sjukt at du he Fratres også då, Sofie! ej trur ej finne sånn obskure ting, men neida..det meste innafor klassisk vise sej å vere obskurt for mej.