Folkehøgskuleliv må bloggast
19 oktober - 2009
- Utsikta frå rommet mitt
Blogging er ein perfekt folkehøgskuleaktivitet, har eg sett. Facebook tok alt for mykje tid. Så der finn du meg ikkje lenger.
“Her på Toneheim skal vi ha det koselig(kosjli)” seier dei her. Og då blir det koselig. Å seie sjølve ordet Toneheim er noko av det koseligaste ein kan seie. Smak på det…høh.
Men “serr”(som andre her nede seier), her er veldig koselig. Kvalitet.
Idag skal eg fikse bassen min, få meg boge, og imorgå skal eg kanskje få nye strengar til og med. Altså mykje god skit framover no!
Eg har kjøpt meg Spotify Premium!! Og eg likar å lage lister, så eg kjem til å leggje ut lister i ny og ne. Oppe, der det står spotify… Første lista ber preg av at når eg skal lytte på musikk, så høyrer eg lite på akkurat det eg spelar. Men samtidig er det ikkje sånn at eg ikkje kjem til å jobbe med den type musikk som er i denne lista. Eg er elskar fortsatt det Christian Wallumrød driv med, så eg har veldig lyst å gjere noko slikt. Heile lista kokar eigentleg ned til Christian Wallumrød. Folkemusikk, Barokk, annan klassisk musikk, Jazz, ++++… Jumpa av Christian Wallumrød er frå den splitter nye plata med han. TIDENES HIT, ikkje sant!!!???
No fekk eg telefon frå bassfyren, så nå må jeg beine:)
JEEE!!!
(ligna forresten Jumpa på Jump med Van Halen? ja…hehehe)

No blei eg heilt vippa av pinnen her. At bloggen din skulle stå opp frå dei døde hadde eg slettes ikkje venta. Kjektkjekt!
Måtte tenke meg om no.
Fin musikk.
Spotify meir!
JEE!! GOD STIL!
Spotify IZ the Zhit altz aa!
her til dømes:
http://open.spotify.com/track/6eqq9qfGYusu0K6zQV3PXM