Det er vinterferie. Eg har vore alt for lite på ski. Hadde min andre tur på heile sesongen igår. På eidet…Kan eigentleg ikkje gå med fri flyt-gensar og meine det lenger. Det er mange unnskyldningar…unnskuldingar…unnaskuldarar…unnis skuldre… for at eg ikkje har vore på ski meir…Veret har ikkje vore så bra. Om veret har vore bra, så har det vore skredfare. Eg har ikkje bil(slåande unnaskulder i vinterferien, då alle er på jobb.) Eg har ikkje sesongkort på eidet i år…tenkte eg skulle prioritere fjellet. Dessutan strid det meg litt imot å betale for å stå på ski. Men det ser jo jammen ut til å vere den einaste måten å kome seg på ski…Eg er altså litt bitter og deppa grunna dette…

Men. Mykje bra har jo skjedd sidan sist (September? Var det det var(ser du speilet i ordstillinga(var det<->det var)?)?)(elskar parentes!). Men eg gidd(gidd…dette gode ordet som vi alle…fullfør sjølv!(Det er dagens oppgåve: Gidd: ordet som vi alle…(Interaktiv teatersport) ikkje å utdjupe dette…dei fleste har sikkert gjort det same som eg. Og viss eg har gjort noko særskild har eg vel sagt det, kjenner eg meg rett.

På musikkfronten gjeng det i freakpower. som i lyttefronten iallefall. Freakpower har gjeve ut to plater og eg har høyrt på desse med jamne mellomrom sidan Bjørnar kjøpte den fyrste plata som ei av dei fyrste platene generelt han kjøpte, så det seier vel sitt. Arg, kor godt eg formulerer meg! Alle bør eige desse platene! Viss du i tillegg har interesse av å vite kva som er den ultimate Torkjell-musikken, bør du iallefall eige dei. Du spør deg sikkert ofte: Kva er det eigentleg Torkjell synest er perfekt(innan musikk sjølvsagt, legg du til med eit smil med innpust. Ja, du veit viss du smiler og pustar innover så nasebora utvidar seg og du får ei deilig dobbelhake og greier. Som om du seier: Den var god, men jammen feis du ikkje og!)? Freakpower. Dei eg har spelt med opp igjennom spør seg kanskje dette på ein litt irritert måte. KVA ER DET EIGENTLEG TORKJELL SYNEST ER PERFEKT?? HM?? Freakpower.

Eg synest forresten det er litt komisk at kvar gong eg kikar ut vindauget i mellom skrivinga, ser eg ei gravemaskin ned i elva mi! Ho bråkar. Ser ut som om det er ein polakk som styrer monsteret. Jammen har dei ikkje lært seg dette og! (litt hobbyframandfrykt på si er bra).

Eg gler meg til å flytte. Eg er lei av skule, og gira på vekk. Heilt normalt, seier du. Ja, eg veit, seier eg.

Skal forresten på sesjon! 23.feb trur eg. Får eg ikkje vite masse quite interesting facts om meg sjølv då? Kor god teknisk innsikt eg har på ein skala frå 1-9 eller noko.. Kool and the gang. Og kondis, ikkje minst. Det er difor eg no skal byrje å jogge. Jogge for å trene. Med iPod og tights. Nesten iallefall. Eg trur eg har ei slags midtlivskrise. Skal få ein heilt ny livsstil. Ete godt, trene, arbeide godt på skulen osb. Eg har ingenting eg kan slutte med då. Drikking, røyking, snusing, pedofili o.l. Eg har snust ein gong. Eg sa ikkje at eg slutta etter det då. Eg kan seie det no. Dei andre tinga har eg ikkje byrja med. Ser ikkje heilt poenget med å planlegge det heller så.

-Så no skal eg ut på tur. Torkjell ser ut vindauget. Myser. -Nei…veit ikkje eg altså. Kan sykle då…kanskje. Eg må ha meg nye øreproppar til mp3-spelaren min fyrst.

Det var ikkje meininga at avsnittet over skulle vere ei punchline eller noko…Dette derimot…

4 kommentarar til “SLUTT Å MAS(eg er gla i dykk uansett)”

  1. Du lever!!!! Så gøy, og for en gøy måte å skrive på. blei inspirert, men eg trur eg skal vente til min vinterferie (frå og med fredag morgon er eg i Ørsta, blir kjekt) byrjar. Då skal eg sette meg ned framfor eit vindauge, der eg kan sjå gravemaskiner, elver, joggande personar, folk med og utan snus, folk som drikk og folk som ikkje drikk, folk som høyrer på Freakpower og folk som ikkje gjer det. Det blir deilig. Snakkast på fredag!!

  2. sofiehjertvik sa

    Ser fram til å sjå deg joggande med iPod og tights.

  3. Siri sa

    No er du plutseleg nr.1 på fastest growing lista. Kanskje eg også skal vente eit halvt år før eg skriv igjen. Ikkje det at eg ikkje er nr.4 då men.

  4. lilo sa

    her vil den nye påskekrimmen bli publisert! følg med! følg med!

    http://lailamt.blogspot.com/

Legg att eit svar