Det hadde no vore ein plan i tre dagar…eller noko slikt…at vi: Eg, Ingvild, Torgeir, Ida, Vida og marte, skulle på ein hyttetur. Det vart hytta til Ida. På Berkneset. Eg og Torgeir, tøffe som vi er, bestemte oss for å sykle dit. Det viste seg eit stykke på veg, at både eg og Torgeir hadde gløymt lykt. Men refleksvestar hadde vi! Begge to! Og hjelm, sjølvsagt! Det vart mykje prating longs vegen. Møtte eit par bilar, mange store gravemaskiner, og mykje tunnel! Då vi runda Steinneset byrja Torgeir å lure? “Er vi her ikkje snart?”. Det vart mørkare og mørkare, og vegen vart dårlegare og dårlegare. Vi hadde sett eit skilt der det stod noko om omkøyring grunna vedlikehald av veg, eller noko slikt. Men vi såg jo ikkje om vegen var der eller ikkje, så det var jo berre å “gunne” på. Vi såg eit par bål…utan folk i nærleiken. Det var no bekmørkt(eller klisjmørkt, som Vida seier), så vi berre følte oss fram. “No døyr vi snart!” utbasunerte Torgeir skøyande. Eg lo, men tenkte det same, dog i ein heilt alvorleg tanke. Det var på dette tidspunktet nemleg ikkje tvil om at dette var Satans innkøyrsle. Men så…Etter mang ein fryktinngytande sving, såg vi mange hus, med mykje lys. “Dette MÅ vere berkneset”, sa vi til kvarandre. Då var det, at eg såg meldinga frå Ingvild om at dei var litt seine, så vi kunne somle litt….Då oppsto den komiske situasjonen:

Sjå for deg: Torkjell Hovland og Torgeir Hovden Standal….Med kvar sin sykkel, kvar sin refleksvest, og kvar sin hjelm. Dei står i ein sving, på ein grusveg. Dei trur dei er på Berkneset. Det er jo vittig i seg sjølv å vere der, men desto vittigare er det å tru at du er på Berkneset. Altså…Dei står der, og må vente litt….Dei står på et påstått Berknes, og skal somle. VITTIG!

Nok var no det…som dei seier…

Mora til Ida, Alice, og Ida kom i ein liten peugot 206, og såg oss to som sto å dansa i vegkanten med refleksvest. Dei viste oss til hytta, og om litt kom Ingvild, Vida og Marte også. Vi fyrte i ovnen, laga ostesmørbrød, spelte kort, og lo mykje av den komiske kvelden. På toppen av det heile måtte vi fare med ein gong….Torgeir skulle jobbe, og hadde borgarplikter heime…

Tidenes tur

5 kommentarar til “Refleksdans på Berkneset(?) for to syklar”

  1. sofiehjertvik sa

    Dette byrjar faktisk å bli ei god stund sidan.

  2. Dette byrjar faktisk å bli ei veldig god stund sidan.

  3. Sjekk ut UG-bloggen!

  4. Sjekk ut din eigen blogg snart!

  5. sofiehjertvik sa

    Så vidt eg kan hugse, så er det temmeleg lenge sidan 12 oktober. Men dette er sjølvsagt noko eg berre svakt kan erindre.

Legg att eit svar