Overskrift, Sjoverskrift
27 september - 2007
I dei to siste dagane har eg hatt feber og styr…eg er litt for ofte sjuk. eg må trene, og ete sunt. men det er så keisamt.
Uansett har eg jo fått litt ut av desse dagane. Eg har skrive på bloggen. Høyrt på Staffan William-Olsson som ukas P2-artist kvar dag. Høyr det! Alt! Det ligg på nettradio. Og så har eg fått øvd ein del. Fekk ny bok i dag. Ray Brown’s Bass Method – Essential scales, exercises and rythm patterns. Kjekk. He trua på den. Fekk den anbefalt av Audun Ellingsen. Så då må nå dån våre brå(måtte berre…hallooo…så då må nå…kjempe). Eg vert så gira av å opne pakka eg får i posten! Idag fekk eg altså denne boka, og ein live-cd med jaco. Sånne brevpakkar er det beste som finst! Eg skal byrje å sende slike. Slik at eg får fleire.
No har eg oppdatert bloggen min relativt ofte…dette går sjølvsagt litt ut over kvaliteten…men husk: Kvantitet foran kvalitet…Iallefall på bloggområdet…i fylgje nokon.
Her ein dag fekk eg ei melding frå min bror Øystein som eg vil dele her
In support of our incredibly brave friends in Burma: May all people around the world wear a red shirt on Friday, September 28. Please forward!
Og her forwardar eg den.
Hjarteleg takk for forwardinga, men eg har jo fått den for lengst…
Det eg eigentleg ville med denne kommentaren, var å fortelje deg at eg no endeleg har fått meg blogg. Hehe..