Joni Mitchell
26 september - 2007
Ho føyer seg inn i rekka av artistar alle har høyrt om, men som få høyrer på. Ho føyer seg også inn i rekka av musikk som grip meg, men som eg aldri hadde funne på å laga/spelt sjølv. Eg har no lasta ned ein god gjeng album av ho. Etter å ha høyrt litt på det opplever eg ho som veldig ekte og ærleg. Ho er ein av få som heilt ærleg kan seie at ho går sin eigen veg. Musikken gjev meg ei heilt unik oppleving. Eg klarer ikkje å knekke koda. Musikken er jo enkel. På notar ser han ikkje spesiell ut i det heile tatt. Så det må nok vere det. At ho er ærleg, og heilt ekte.
Good music!
Joni Mitchell er også eit klassisk eksempel på folk som har hatt ganske triste og vanskelige liv og som lagar dødsbra og gripande musikk pga dette. Ho måtte bl.a. adoptere vekk dottera si med ein gong ho fekk henne, fordi ho var åleinemor og sikkert fattig og det var sikkert ikkje lov eller nokon ting på den tida.
Vidare trur eg faktisk at ho fann igjen dottera si monge år seinare då verden (USA?) var ein friare stad og ho hadde sikkert mykje meir pengar også.
Slike ting er jo kjekt å vite når du høyrer på musikken, og i alle fall viss du lytter til tekstane.