Ojojojoj! Eg har nesten gløymt bloggen!
23 september - 2007
Ja…
Det har eg altså nesten gjort.
Men,
Det er heller ikkje så mykje å fortelje. Eg øver for det meste. Har fått ein ny giv no, eller kva det heiter. Det regnar ute. Eg hugsar ikkje om sola var rund eller firkanta. Jag har mistat alla mina headsets(enklare å få til fleirtal av headset på svensk…). Eg brukar mykje pengar på kaffi og jazzteoribøker. Eg har høyrt litt på tazte priv i det siste…veldig vittig. Eg hatar matte! Eg har det elles fint på skulen. Eg var den vaksne, keisame, ansvarlige på UG igår. “Nei uff! DEN filmen kan vi ikkje sjå!”. Eg vil/må/bør kjøpe meg kontrabass. Lånte instrument er ein uting. Men kontrabass kostar jo kjempemykje(For ei vanvittig keisam setning)! Eg har byrja i ungdomssymfonien….det er skummelt, keisamt, kjekt og lærerikt. Eg er gira på piano også no. Øvnad, øvnad, og atter øvdom. Eg gler meg til snø! Vi hadde i forrige veke vitjing av russarar. Dei kunne berre snakke tysk. Og russisk. Eg sa ingenting. Eg likar te betre og betre. Katten gjer meg til eit nervevrak. Han nervevrakar meg. Mamma trur han er i puberteten. Han oppfører seg som ein real dust(for ei keisam setning. igjen). Eg har det bra. Saknar Geir Egil, Martine og Kim Helge! Ein dag trudde eg at eg såg Martine i kantina. Men det var ikkje ho. Då fekk eg brått eit veldig trist ansiktsuttrykk. Heilt naturleg! Heilt sant!
menmen
vart denne posten litt sånn: “Eg har det ikkje bra”? For det har eg. Eg er positiv og glad.
VITTIG:
Does not allow embedding?? dritsekk…
Uansett…Sjå dinna då…den e morsom. Søk på interesting people på jutjub
Hei Torkj! Det var kjekt å lese innlegget ditt om at du saknar meg! Eg har faktisk (faktisk? nei ikkje det) tenkt at eg saknar deg òg, tru det eller ei. Eg har tenkt “eg saknar Torkjell eg” og det var kjekt å finne ut at det er gjensidig! Og kanskje ein dag vil du sjå at du ikkje tek feil når du trur du ser Martine i kantina.
Hei Torkjell!!!!! Eg gler meg som ein unge til å kome heim og sjå DEG att! Kjem forresten i morgon tidleg den dag. Og hugs å ikkje bli for god på for mange instrument no då. Då blir det berre flaut for meg å snakke om cello og om kor lite eg øvar. Vidare vil eg gjerne be om at du har lyst til å bli med på kino. Vi skulle i sommar, men det blei aldri noko av. Håper difor at du vil vere med på Shrek 3/Tatt av kvinnen. Det hadde for supert! Snakkast! Flotters! Schlatters!!!