Blogg høyrest ut som noko ein ikkje vil ha i kakaoen sin
28 august - 2007
Dette gjer at eg berre skriv av og til.
Men…skulen har byrja igjen. Kjekt for so vidt. Mange bra lærarar! Det er kanskje det beste. Eg slepp ei viss bikkje(for å seie det på den måten..) i tysk(tvilar på ho les denne bloggen). Eg slepp ei litt i overkant travel lærarinne i matte(ho les vel heller ikkje bloggen min). Eg har fått Magne Slettevoll på piano bi og besifring. Og flinke lærarar i geografi og samfunnsfag. Det er viktige fag å ha flinke lærarar i. Sånn er det.
Elles har eg sett lite av fyrsteklassingane. Berre høyrt mykje av den samme gamle skepsisen til nye musikkelevar. Det eg veit er at dei er mange jenter og få gutar. Kor gale kan det eigentleg vere?
Val er det og. Bur du i Ørsta eller ei anna bygd, så MÅ du stemme Senterpartiet! På desse testane som kloke folk advarar mot, fekk eg 75% på RV. hmm…Eg vart og mest lik Dagfinn Høybråten. Aftenposten.no. Artig det. Eg kan jo ikkje stemme uansett.
Kva anna skjer? Jau! UG! DET er ein hit! Blir spennande det. Eg er gira. Eg har tenkt litt på, i det siste, at eg vil vere meir på frikyrkja. Frikyrkja er ein hit.
P2!
Side Brok!
Alt!
He forresten bytta songa i dinna boksa…cornelis vreeswijk og hendelse.
Studiesurfing
15 august - 2007
Det er det som er in no. Siste veka før skulestart. No skal eg jo først gå to år til på musikklinja, men det er ikkje så dumt å orientere seg om kva valmoglegheiter som finnast seinare.
Draumen er:
Øytun
Ein eller anna jazzskule i England. Leeds, Manchester, London..
Og så tek eg PPU ein eller annan plass i Noreg
Etter dette kan eg leve av å vere freelancemusikar, musikklærar, gjerne med base i Ørsta.
Ei annan draumeveg er:
Sund Fhs(lurt å gå viss du skal gå jazzlinja visst nok)
Jazzlinja på NTNU
PPU
Etter dette vil eg også leve av å vere freelancemusikar, lærar
Desse vala krev sjølvsagt begge INTENS øving, MYKJE arbeid, MYKJE slit. men…ja
Den mest sannsynlege vegen:
Øytun
Militæret
hmm…kva skal eg gjere? eg tek eit par fag ein eller annan plass.
Allmennlærarutdanning i Volda…
Jobbar på Loen SFO
Den litt kule, men veldig usannsynlege vegen:
Folkehøgskuleopphald i Frankrike
Byplanleggingsutdanning
Lagar ein ny by i ein eller annan arabisk stat
Den aller mest sannsynlege vegen
Blir kidnappa, og tatt med til Russland
Der får eg jobb som filmkjennar
Ein fyr skal lage film om at Russiske myndigheiter har planta eit flagg ein stad ingen bryr seg om og viser meg eit klipp frå Titanic. “Kan vi bruke dette? Kjem nokon til å kjenne det igjen? Det er vel ikkje så mange som har sett den?” “jada…det går sikkert…fint. Lurt val!”
www.ntnu.no
www.rncm.ac.uk/
www.leeds.ac.uk/
www.gsmd.ac.uk/