Update
24 juli - 2007
I forrige veke for eg etter mykje om og men på Moldejazz. Det vart ein hit. Mykje fantastiske, mykje gode, og mykje litt keisame konsertar. Steely Dan, Esperanza Spalding, Jam med Bjørn Alterhaug, Nils Petter Molvær, Chick Corea og Gary Burton, Wayne Shorter kvartett, Audun Kleive solo, Elvis Costello og Allen Toussaint, Banjovi, Rashied Ali, Ola Kvernberg Trio, etsætra.
Eg jobba i år som i fjor som funksjonær. I år var eg effektseljar saman med Martine. Det var…ok.
Etter den tid har eg m.a vore på Dalegubben, klatra to dagar på kyrkjesteinen, vaska romet, lånt looper med Per Gunnar og i morgon er det jobb igjen.
Viss eg skal seie noko om verda også, tør eg ikkje seie anna enn at eg vurderer å ikkje like monarkiet så godt lenger.
Heime igjen
13 juli - 2007
Det vil seie…eg kom heim på mandag. Med toget.
Eg har vore i Kristiansand. På hytta. På Quart. Saman med Heidi, Synnøve og Anders. Og mamma og pappa. Det var fole svært! Sett bort i frå det elendige veret, få festivalgjestar, og at eg vart sjuk på laurdag, så eg ikkje kunne bruke billetten min til Skjærgårds med Abe Laboriel and friends + Andrea Crouch and Koinonia. Eg fekk jo med meg mange veldig gode konsertar på Quart. The Roots, Talib Kweli, Beastie Boys, Timbuktu, Black Rebel Motorcycle Club, Motorpsycho, The Who, Chris Cornell, Big Bang, Svenska Akademien, James Band, ikke bare bare egil band band, Black Debbath og Hurra Torpedo var vel høgdepunkta der.
Eg er iallefall no trygt heime i stova mi. Der eg no har lege sjuk sidan eg kom heim. Eg likar det. Eg likar å kjenne at kroppen vert betre og betre. Dessutan har eg jo katten her no. Eg har fått meg katt! Ho heiter pus. Det har alle kattane våre heitt.
Ikveld skal eg på Harry Potter and the Fugl Føniks Family. Den er sikkert bra, den. Det er ikkje det, men..