Overnatting i Sætreselet
28 juni - 2007
Eg, Synnøve, Olav og Lukas var på Skorgesetra frå igår til idag. Det var fole svært. Selet til Synnøve og dei er utruleg koseleg! Det vart ein HIT av ein tur, då turen stort sett inneheldt kaffidrikking, havregrauteting, skitprating, soving, kakaodrikking, kjekseting, uraturning osb.
GOOD GOOD GOOD
Det er akkurat sånn sumarferiar skal vere!
27 juni - 2007
No har eg verkeleg gått inn i sumarferie-modus. Alle dagar går i eitt. Natt og dag går i eitt. Det som er nytt i år er at eg har sumarjobb, servitør på Fugl Føniks. Det er heilt perfekt. Kunne ikkje fått bedre jobb. Det er ikkje so ofte, og ikkje så lenge, men det er akkurat passeleg pengar nok til å få råd til alt eg vil. Eg kjem faktisk rett frå jobb no i skrivande stund. MYKJE folk idag. Kick det…
Poenget er at eg no sit å høyrer musikk, og et banan, og ventar på middag, og skal finne på noko ikveld(?).
Sumar er ein hit!
NO
26 juni - 2007
NO skal eg byrje å bli på blogg igjen. Eg prøver hardt å bli gira. Kva skal eg skrive om? Skal eg skrive om kva eg har gjort på i dag? Kven bryr seg? Det er jo berre så vidt eg bryr meg…skal eg skrive vittig? Det blir for skummelt. Skal eg skrive djupt og meiningsfylt? DET blir iallefall skummelt. Soo…Trur det endar opp med at eg skriv…ja…veit ikkje eg. Bilete går jo an å legge ut då. Det er trygt.
