Kontorkjell
24 februar - 2007
No har eg fått pult på loftstova(…du skal få lov å tenke “koffert”(som det heite)…eg tenkte ikkje slik…). Mi berbare datamaskin har vorte stasjonert der, midifjøla mi(som eg forresten fekk med Øystein plutselig! Konge!), og mykje permar og lys og notar og dill…Eg likar det. Kontor er meg. Motiverer meg til hardt arbeid. Skulle berre fått meg ein skrivejobb eller noko slikt…eller kanskje laga musikk til reklamefilmar…har høyrt at det er in i musikarkretsar for tida. Eg har fått jobb då. Forresten. Støttekontakt. Kjekt med jobb.
Dette vart lite ordentleg skrive… til trass for at eg skreiv det på pulten min. Ordentleg arbeidsstilling også. Det kan altså vere “potensiale for mistolking”(som han sa…) i denne posten. Men er det “potensiale for mistolking”, kan det altså tolkast på mange måtar, og då får eg jo sagt mykje meir. Lettare å seie ting feil viss det ikkje er “potensiale for mistolking”…